Help
© TicketCo AS 2025.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
Johannes Brahms (1833-1897) var ein av dei viktigaste komponistane i romantikken og konserten er via to vakre og storslagne verk av han.
Dette prosjektet er eit unikt og ambisiøst samarbeid mellom lokale aktørar. Brahms’ Ein Deutsches Requiem var eit viktig og personleg verk for komponisten og er rekna som hans internasjonale gjennombrot. Mange meiner det er eit av dei viktigaste kyrkjemusikalske verka i perioden. Det er krevjande å framføre og er eit løft for dei to kora som skal syngje.
Den tyske teksten vil bli lest opp i nynorsk omsetjing. Dette speglar at Brahms valde teksten med omhu; det betydde noko spesielt for han og skulle vere tilgjengeleg for publikum. Har hadde anna fokus enn den tradisjonelle katolske messa. Der det elles handlar om dei døde, er Brahms oppteken av dei gjenlevande og deira sorg. Messa vert óg omtala som eit humanistisk rekviem.
Det er óg duka for ei spesiell oppleving når to pianistar på kvart sitt flygel framfører «Haydnvariasjonane» op. 56b. Dette verket vert oftast spela i orkesterversjon, men her vert det leiga inn ekstra flygel. Dei to pianistane vil i tillegg spele orkesterdelen i Ein Deutsches Requiem.